Acer kjem med Android-telefon
man, sept 28, 2009
At Acer har holdt på med ein Android-telefon er i seg sjølv ikkje noko ny nyhende. Acer A1 har vore på ryktebørsen i lengre tider, men no har det endeleg kome eit meir handfast prov for at telefonen frå den store PC-produsenten er på veg.
Det vart lenge rykta at telefonen skulle kome anten i september eller november, men som de sikkert skjøner, så ser det ut til å verte eit novemberslepp for telefonen.
Det som røpte Acer var at Expansys la ut telefonen til førehandsbestilling, noko som kanskje ikkje var heilt planlagt sidan sida som telefonen visstnok skulle vere på, no har forsvunne. Prøver ein å gjere eit søk, er det berre Acer Aspire One som kjem opp.
Det som er interessant er at telefonen kjem med ein 3,5-tommars skjerm, noko som er den same storleiken som er på iPhone. Det ser òg ut til at telefonen kjem med ein prosessor som er raskare enn det som plar å vere i dagens Android-telefonar. Det som vart lista var ein Qualcomm 8250-prosessor som kan levere ein fart opp til 1GHz, mot 528MHz/0,528GHz som er standard i dag.
- Prosessor: Qualcomm 8250 1 GHz
- Androïd 1.6/2.0 (Donut/Eclair)
- ROM: 512 MB
- RAM: 256 MB
- 3.5-tommars rørsleskjerm
- WVGA-oppløysning (ca 800×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;480)
- HSPA/WCDMA: 850, 1900, 2100 MHz – Up to 2 Mbps up-link og 7.2 Mbps down-link
- Quad-band GSM/GPRS/EDGE: 850/900/1800/1900 MHz
- Intern GPS-antenne
- Bluetooth 2.0 med EDR og A2DP
- Wi-Fi: IEEE 802.11 b/g
- 3.5 mm-jack
- 5MP kamera med autofokus
- 1350 mAh Lithium-ion-batteri
- 300 minutt samtaletid
- 400 timar standbytid
- MicroSD-port
- Dimensjonar (LxWxT): 115 x 62.5 x 12.5 mm
- Vekt: 135 gram med batteri
[via Phandroid]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.