Android 1.6 rett rundt hjørnet
ons, sept 16, 2009
Omlag eit år etter sleppet av Android, kjem versjon 1.6 av operativsystemet. I løpet av det året som har gått har Android utvikla seg mykje og versjon 1.6 kjem til å bringe mange nye funksjonar til Android som kjem til å verte godt motteke av brukarane –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; spesielt sidan oppdateringa har mykje fokus på optimalisering.
Android 1.6, òg kalla Donut, kjem med mange nyhender som vil gjere brukaropplevinga med Android betre. Google har lagt mykje arbeid ned i optimalisering og fartsauke.
Ein av dei nye funksjonane er eit universelt søk. Det nye universelle søket fungerer på mange måtar på same måten som det ein kan finne på iPhone. Alt ein trenger å gjere er å hente fram søkefeltet på heimeskjermen og byrje å skrive. Android vil med ein gong starte å føreslå kva du leiter etter både på veven i tillegg til innhald på telefonen, som kontaktar, musikk og informasjon frå applikasjonar.
Kameraapplikasjonen har òg fått litt handsaming. Utviklarane seier at sjølve kameraapplikasjonen no er 39% raskare. Tida som går mellom kvar gong ein tar eit bilete er òg korta ned med 28%. Som om det ikkje var nok har grensesnittet òg fått ei overhaling.
Det har òg vore klagar på batteria i Android-telefonar. Det har vorte rapportert at batteri døyr for eller at dei fort går tomt for straum. I Donut har det komt ein oversikt over kor stort straumforbruket til dei ulike applikasjonane er, slik at ein kan kvitte seg med dei applikasjonane som er grådige om ein vil spare på batteriet.
Andre ting som har vorte oppdatert er sjølvsagt Market, som har fått eit nytt grensesnitt, som me har skrive om før.. Det har òg vorte lagt inn støtte for fleire skjermoppløysningar (320×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;240 og 800×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;480). Utviklarar kan òg leggje med informasjon i applikasjonen kva skjermoppløysningar han støtter.
For litt visuell tilfredsstilling, sjå videoen som raskt demonstrerer Android “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Donut”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; 1.6.
Alle endringar og nyhender i Android 1.6 kan ein sjå på developer.android.com.
Ingen relaterte nyheter.
Tags: 1.6, donut, oppdatering









This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.
2 Responses to “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Android 1.6 rett rundt hjørnet”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;