Android har godteke Facebook sin veneførespurnad
søn, sept 13, 2009
Fram til no har brukarar av Android-brukarar måtte ta til takke med anten vevversjonen av Facebook, eller eventuelt epletelfonutgåva av Facebook, eller middelmådige tredjepartsapplikasjonar. Endeleg har Facebook sluppe ein eigen applikasjon til å laste opp flue bilete av venene dine.
Når det kjem til Twitter er det allereie kompetente applikasjonar som held høg kvalitet og er spekka med funksjonar, men Facebook har ikkje den same luksusen. Om du er ein stor Facebook-brukar har du til no ikkje noko særleg grunn til å kjøpe ein Android-enhet.
I den ferske Facebook-applikasjonen kan ein skrive statusoppdateringar og ein får opp tavla, slik at ein kan sjå kva venene har å meddele. Det er òg mogleg å laste opp bilete frå mobilen, anten frå eit album eller eit ein tek med kameraet. Ein kan òg få varslingar når det skjer oppdateringar som dultar, hendingsinvitasjonar, veneførespurnadar og meldingar. Skal ein derimot sjå desse vert ein send til mobilsida til Facebook som ikkje er noko særleg.
Facebook slapp versjon 1.0 av deira offisielle applikasjon på same tid som dei slapp versjon 3.0 for iPhone, noko som kom som ein glede for brukarar av begge plattformar. Mange meiner likevel at Android-utgåva er underlegen i høve til iPhone-utgåva.
Om ein sit ned og prøver begge applikasjonane er det ingen tvil om at Facebook på iPhone er Android overlegen, men det er likevel ingen dårleg start for Facebook på Android. For nokre år tilbake då Facebook slapp sin første offisielle applikasjon for iPhone var han på langt nær så god som den som no har vorte sluppe til Android.
No har iPhone-utgåva kome til versjon 3.0 og har fått utruleg god kritikk. Det tyder at Android-utgåva har heile to versjonnummer å verte like god som iPhone-utgåva, noko som er fullt mogleg med tanke på at Android-utgåva har eit betre utgangspunkt. Ein skal heller ikkje sjå bort i frå at Android-utgåva kan verte betre, ettersom det er mindre restriksjonar på Android i høve til iPhone.
Ingen relaterte nyheter.








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.