Cliq for USA, Dext for Europa
søn, sept 13, 2009

På fredag presenterte Motorola deira fyrste Android-telefon, Motorola Cliq. Cliq kjem til å kome med eit eige grensesnitt som er utvikla av Motorola, med spesiell fokus mot sosiale medier. Motorola Blur, som utsjånaden vert kalla, fungerer mykje på same måte som HTC Sense på Hero og Tattoo.
Det Motorola kunne fortelje kort tid etter presentasjonen var at dei kjem til å lansere Cliq for konsumentar utanfor USA òg, meir presist Europa og Sør-Amerika. På denne sida av pytten heiter derimot telefonen ikkje Cliq, Motorola har veld å gje han namnet Dext.
Det ser ut til at Dext kjem til å verte sluppe i Storbritania fyrst, men Motorola lova slepp ut i andre delar av Europa òg. Det vart ikkje nemnt nokon land spesifikt, men faren er stor for at ein må sjå langt etter Dext her i Noreg –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; som vanleg.
Likt som med Cliq har ikkje Dext noko sleppdato, dette skal dei kunngjere på eit seinare tidspunkt. Dei nemnte at det var Orange som kom til å distribuere telefonen i Storbritania, noko som ofte fører til at ansatte røper sleppdato før Motorola ynskjer det.
Cliq/Dexter vert av mange rekna som den siste sjansen til Motorola å halde seg i livet. Den amerikanske mobilprodusenten har slite etter sine stordomsdagar på 90- og tidlige 00-talet. Selskapet har dei siste åra slite med økonomien og har bare presentert raude tal, utan noko form for lysning i sikte.
På ryktebørsen har det vore snakk om at Motorola kan ha hatt så mange som 300 ansatte til å jobbe med Android det siste året. Sjølv om talet heilt sikkert ikkje er så høgt, er det likevel ein virkeleg stor arbeidsstyrke om nummeret skulle vere i nærleiken av det.
Ein annan konklusjon som kan trekkast fra påstanden om Motorola si store satsing på Android kan vise at dei verkeleg gjev alt i eit siste forsøk på å overleve i ein bransje med hard konkurranse.
Relaterte nyheter:







This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.
One Response to “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Cliq for USA, Dext for Europa”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;