A A
RSS

Ein ide til alternativ heimeskjerm

tir, sept 22, 2009

OS

Larva Labs er eit firma som driv med utviklinga av applikasjonar for iPhone, T-Mobile Sidekick og no òg for Android. Dei har allereie publisert fleire applikasjonar på marknaden som ein kan laste ned.

I samanheng med den stor bleste med endra grensesnitt på Android frå både HTC og Motorola, har Larva Labs i samarbeid med Ideas On Purpose laga sin eigen versjon av heimeskjermen, kalla Intelligent Home Screen. Dei tykkte rett og slett at heimeskjermane til HTC og Motorola ikkje var bra nok, dei var for overflauma med infromasjon. Larva Labs vil lage eit produkt som “ appellerer til Blackberry-brukarar og folk som slit med informasjonsoverskot.”

homescreen-newcolors1

Hovudsaken er ei vid linje som går på tvers av skjermen. I linja på midten har ein klokkeslettet, datoen og vêret. Linja kan til dømes vise klokkeslett frå fleire stadar i verda, for dei meir internasjonale av oss. Ovanfor linja finn ein personlege varslar, som meldingar, tapte tilrop og kalenderhendingar. På nedsida av linja finn ein offentlege varslar, som twitter, børs og nyhender. Det som òg er interessant er at ein kan dra linja opp og ned på skjermen, slik at ein kan avgjer sjølv kva som er viktigast i augeblinken.

Grensesnittet har fargekodar til venstre, slik at ein lett skal sjå kva applikasjon eller type varsel som kjem opp. Til høgre er det òg snarvegar til dei respektive applikasjonane slik at ein kan få tilgang til dei raskt. Om ein dreg midtlinja heilt opp eller heilt ned får ein opp informasjon frå berre ein applikasjon og ein kan då velgje kvifor ein det skal vere.

Foreløpig er det heile på prototypenivå, så ein kan ikkje teste det ut enno. Om ein har lyst til å lese meir om Intelligent Home Screen eller sjå ein demonstrasjonsvideo kan ein gå til prosjektsida hjå Larva Labs.

Gi Kudos til denne saken!

Ingen relaterte nyheter.

Tags: , , , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard