Er det ei leppe, er det Android
ons, sept 23, 2009
Er det ein diskusjon om telefonar og det vert nemnt lepper er det nesten sikkert at det er snakk om ein av Android-telefonane til HTC. Den karakteristiske leppa gjorde sin entrè på HTC Dream og kjend som T-Mobile G1, som var den fyrste Android-telefonen som vart sluppen. I følge HTC skal leppa gjere at ein lettare kan bruke knappane under skjermen når ein held telefonen, slik at ein lettare kan bruke ein hand.
I ein nyleg uttale frå designteamet hjå HTC fortalde dei at leppa ikkje kjem til å verte adaptert til mobilar med andre operativsystem –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; i dette tilfellet er det sjølvsagt snakk om Windows Mobile. HTC er ein stor leverandør av smarttelefonar levert med Windows Mobile, både under eige namn og på vegne av andre merker som til dømes Sony Ericsson (XPERIA X1).
Designteamet kunne fortelje at leppa skal vere noko som definerer Android-telefonar frå HTC, medan WinMo-telefonane kjem til å kome i svart pianolakk. Den svarte pianolakken skal appellere til businessmen og representere at telefonane er retta mot denne gruppa. Det er difor ikkje usannsynleg at ein kjem til å sjå fleire Android-telefonar frå HTC i framtida med leppa godt vippa ut.
Kva tykkjer de? Er leppa stygg, kul, fin? Hjelp ho med å enklare bruke knappane på botnen?
Ingen relaterte nyheter.








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.