Fyrste spelkonsoll med Android
tir, sept 15, 2009
Sjølv om Android fyrst kom på mobiltelefonar, har Google planar om at Android skal adopterast til mange andre plattformar i framtida. Det viser seg at framtida kanskje ikkje er så langt borte som ein skulle tru. Selskapet HardKernel håper i allefall å sleppe ein spelkonsoll med Android.

Ikkje det beste designet...
Om ein tek ein kikk på Android Market vil ein fort sjå at det ikkje er like godt utval i spel som det er på iPhone/iTouch, likevel håper HardKernel at folk vil kjøpe ein berbar spelkonsoll som har som hovudoppgåve å spele spel ein finn på Market.
Nyleg vart det derimot sluppe ein video, kor ein viser sjølve spelaren, Odroid, i bruk. I videoen er det tydelegvis installert ein emulator som gjer det mogleg å spele spel til ein av Nintendo sine spelkonsollar. Spelet som vert vist fram kjører dessutan utan noko form for hakking. Grunnen ligg delvis i at Odroid bruker same prosessoren som står i blant anna iPod Touch.
Ein annan funksjon som er særskild interessant er at enheten klarer å spytte ut 720p via ein HDMI-port. Dermed kan ein, slik som videoen viser, overføre bilete og lyd til ein flatskjerm enkelt og med god kvalitet. Sjølvsagt vil det vere utruleg avgrensa kor mykje ein klarer å få inn på dei 2 Gb som føgjer med som internminne.
Det som derimot skuffar er designet. Det er ikkje akkuratt noko HTC Hero for å seie det slik. Ut frå bileta ser det ut til at Odroid er produsert i ein form for billigplast. Vekta på Odroid står oppført til å vere 165 gram med batteria i, noko som ikkje er særskild mykje for ein enhet på den storleiken. Det heile kan føre til at heile enheten får ei billig kjensle.
For dei av dykk som er interesserte så legg eg ved spesifikkasjonane:

Relaterte nyheter:
Tags: odroid, spill, spillkonsoll







This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.
2 Responses to “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Fyrste spelkonsoll med Android”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;