A A
RSS

Med Hero berre ein månad på marknaden kjem HTC med Tattoo

lør, sept 12, 2009

Maskinvare

Etter ein liten månad på marknaden for Hero, annonserer HTC ein ny Android-telefon. Med Tattoo har HTC laga ein billig telefon med fokus på å gjere telefonen personleg for kvar enkelt. Tattoo er på mange måtar Android-telefonen for massane

HTC Hero var den fyrste mobilen frå HTC som hadde fått ei skikkeleg overhaling frå den store Taiwanske mobilprodusenten. Hero vart utstyrt med ein eigen utsjånad kalla Sense som henta mykje inspirasjon frå TouchFLO på Windows Mobile-telefonane til HTC.

HTC kunngjorde for kort tid sidan at dei i oktober vil sleppe ein ny telefon med Android på den europeiske marknaden, kalla HTC Tattoo. Tattoo kjem òg til å ha Sense installert, slik at grensesnittet kjem til å sjå ut som det på Hero.

Noko av det som HTC verkeleg promoterer med Sense er at ein frå sju skjermar som ein sjølv kan endre på og lage til sine eigne. På denne måten kan ein gjere telefonen personleg og spisstilpassa til dine behov.

Med Tattoo tar HTC det likevel eit steg vidare innanfor å gjere telefonen til din eigen. Dekselet på telefonen kan nemlig fåast med mange ulike design. Idèen er langt frå original og har eigentleg gått litt av moten, men HTC meiner at det framleis er merknad for eigne deksel.

Når ein kjøper ein Tattoo kan ein anten designe eit eige deksel eller ein kan velgje blant eit utval av deksel, som skal vere utforma av profesjonelle designarar.

Tattoo kjem òg fullstappa med smartmobilfunskjonar som GPS, WiFi og bluetooth. Mobilen kjem òg med standard 3,5 jack, som gjer at ein kan bruke vanlege hovudtelefonar for å høyre på musikk. Telefonen har ein 2,8-tommars rørsleskjerm med 240×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;320 oppløysning.

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. HTC Tattoo kjem i oktober
  2. Ny informasjon om HTC Tattoo
  3. Fleire bilete av HTC Tattoo
  4. Video av HTC Tattoo
  5. HTC legg ut kjeldekoden til HTC Hero

Tags: ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

One Response to “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Med Hero berre ein månad på marknaden kjem HTC med Tattoo”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;

    Leave a Reply

    Twitter

    Følg oss på Twitter
    Ad Ad Ad Ad

    Kategorier

    Arkiv

    • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
    • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
    • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

    Powered by Free CDN

    Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
    View in: Mobile | Standard