A A
RSS

Meir musikkstrøyming til Android

man, sept 14, 2009

Applikasjoner

For berre eit lita veke tilbake slapp Spotify deira applikasjon på Market. Mobilutgåva av Spotify verker på mange måtar som storebroren på datamaskinar, med det unntak at ein kan laste ned spelelister og lagre dei lokalt, slik at ein kan spele dei av utan å nettilgang. No fortel Wimp, den norske Spotify-utfordraren, at dei kjem med ein beta til Android i nær framtid.

Wimp på datamaskin

Wimp fungerer på mange måtar likt som Spotify. Du får tilgang til eit gigantisk bibliotek med musikk som du kan strøyme frå nettet. Musikken er sjølvsagt med DRM og ein kan ikkje lagre han. Wimp er utvikla av det norske selskapet Aspiro i eit samarbeidsprosjekt med Platekompaniet. Wimp er foreløpig berre i lukka beta og ein treng invitasjon for å få tilgang.

I datamaskinutgåva av Wimp er det no 5000 betatestarar, men mobilutgåva kjem ikkje til å ha like mange testarar. Dei som har ein Android-telefon og ynskjer å søke om å vere med i betatestinga kan sende e-post til wimp@platekompaniet.no og håpe at dei får ein invitasjon.

Aspiro kunne og fortelje at Wimp berre er ein arbeidstittel på produktet deira. Mest sannsynleg kjem det ei endring i namnet til tenesten skal lanserast for  fullt no i haust. Tenesta vil då koste pengar, slik som Premium-utgåvene av Spotify, og det kjem ikkje til å vere noko gratis alternativ.

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Spotify har komt til Android

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard