A A
RSS

Motorola Cliq/Dext vert kalla den beste Android-mobilen

lør, sept 19, 2009

Maskinvare, OS

Motorola viste nyleg fram deira fyrste Android-mobil, som dei skal revolusjonere marknaden med. Motorola har bygga eit eige grensesnitt kalla MOTOBLUR, som hentar informasjon frå fleire kjelder på ein gong og samlar dei på ein stad, dette er den tyngste grunnen til at Cliq/Dext er den beste Android-mobilen.

Nettstaden DVICE erklærte nettopp at Motorola Cliq/Dext er den beste Android-telefonen som til no har vorte laga. Dei har likevel eit atterhald: det er ikkje så mange Android-telefonar på marknaden og dei fekk kun ein time til å leike med telefonen.

Noko av det som gjer at dei tykkjer mobilen er den beste Android-mobilen til er teknologien som Motorola puttar bak grensesnittet. Ved hjelp av automatisk henting av data og informasjon frå fleire kjelder, tar MOTOBLUR seg av alt det som ikkje har å gjere med ringing.

Grunntanken bak MOTOBLUR er at ein ikkje skal trenge å gå til fleire nettstadar, applikasjonar eller kjelder for å halde seg oppdatert. MOTOBLUR gjer dette for deg og samler alt på ein stad. Ein treng heller ikkje å logge seg inn overalt, MOTOBLUR spør etter innloggingsinformasjonen til e-post, sosiale medier osv ein gong og held deg oppdatert deretter.

Som me tidlegare har nemnt er Motorola ganske avhengige av at deira satsing på Android går bra, ettersom selskapet har økonomiske problemer og slit med å vise noko anna enn store raude tall.

Her er promoteringsvideoen Motorola nyleg slapp for Cliq/Dext:

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Cliq for USA, Dext for Europa
  2. Motorola Cliq får skryt
  3. Motorola sin neste Android-telefon i Oktober
  4. 10 Android-telefonar på 10 månader
  5. Motorola sin ultimate Androidtelefon

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard