A A
RSS

Motorola sin neste Android-telefon i Oktober

tir, sept 29, 2009

Maskinvare

Tidligare denne månaden annonserte Motorola deira fyrste mobiltelefon med Android som operativsystem - Motorola Cliq/Motorola Dext. Telefonen kjem med Motorola si modifiserte utgåve av Android kalla Blur. Blur samlar alt av informasjon frå sosiale nettverk og liknande på heimeskjermen, slik at ein slepp å gå til mange ulike applikasjonar for å halde seg oppdatert.

motorola-sholes

Fram mot hendinga kor Motorola annonserte Cliq/Dext var det snakk om at dei skulle lansere alt frå ein til ti mobilar. Sjølv om mange så 10 som umogleg, var det likevel ikkje utenkjeleg at dei kom til å annonsere to mobilar, sidan ein hadde høyrt rykter om to mobilar som næra seg ferdige. Det viste seg at Motorola tykkte at det haldt med ein telefon på Mobilize 09 –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; Cliq/Dext.

Motorola Sholes ser ut til å kome i Oktober. Mobilen har passert FCC, som er eit godkjenningsorgan for elektronikk i USA. Det ser diverre ut som telefonen berre kjem til USA med det fyrste ettersom det ikkje ser ut til å vere støtte for GSM-mobilnett, berre CDMA (som vert brukt i USA).

Telefonen kjem elles godt utstyrt med Wifi, Bluetooth 2.0, aGPS, 3,7-tommars skjerm(!), med ei oppløysning på 480×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;854 pikslar. Telefonen har og fullt QWERTY-tastatur som er utskyvbart. Det ser ut til at Motorola difor vel å gå for dei i brukarmassen som liker å ha eit fysisk tastatur, i staden for eit såkalla mjuktastatur på skjermen.

[via Phandroid]

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Motorola Cliq/Dext vert kalla den beste Android-mobilen
  2. 10 Android-telefonar på 10 månader
  3. Motorola Cliq får skryt
  4. Cliq for USA, Dext for Europa
  5. Motorola sin ultimate Androidtelefon

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard