A A
RSS

Ny informasjon om HTC Tattoo

man, sept 21, 2009

Maskinvare, OS

På den britiske sida til HTC har det no komt ny informasjon om HTC sin billigtelefon –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; HTC Tattoo. Tattoo er rekna for å vere den fyrste Android-telefonen for massane, sidan han er den fyrste Android-telefonen som ikkje har ein pris som ligg blant smarttelefonane, men i mellomklassen.

Ein kan byte deksel på HTC Tattoo

Ein kan byte deksel på HTC Tattoo

Nordroid har skrive om HTC Tattoo før, kor me gjekk meir i detalj om telefonen, men det som derimot er interessant no, er at HTC har gjort meir detaljar offentlege. På deira britiske nettsider står det at telefonen vil kome til å ha versjon 1.6 av Android, òg kjent som Donut. Det vil gjere at telefonen drar nytte av ein heil del funksjonar som Google har putta i den siste utgåva av operativsystemet.

HTC Tattoo kjem òg til å ha HTC Sense, grensesnittet som ein tidlegare har sett på HTC Hero og som sikkert kjem til å verte ein gjengangar på HTC sine Android-telefonar. I tillegg til Donut-informasjonen kunne òg HTC fortelje at Tattoo kjem med innebyggja FM-radio. Dermed kan ein høyre på radio, utan noko form for hovudtelefonar eller øyreproppar i telefonen (om ein ynskjer å dele lyden av P4 med resten av bussen).

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. HTC Tattoo kjem i oktober
  2. Video av HTC Tattoo
  3. Fleire bilete av HTC Tattoo
  4. Med Hero berre ein månad på marknaden kjem HTC med Tattoo

Tags: , , , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard