A A
RSS

Ny Opera Mini snart…http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;

man, sept 14, 2009

Applikasjoner

Opera var tidleg ute med å kome med deira nettlesar laga for mobile enhetar på Market. Opera Mini er laga for mobiltelefonar og gjer det mogleg å sjå vevsider slik dei ser ut på datamaskinen, men datamengden som vert lasta ned, er på langt nær like stor.

Kva skjuler seg bak puslebitane

Kva skjuler seg bak puslebitane

Med Opera Mini vert alle bilete komprimert, noko som tyder at kvaliteten vert skrudd ned, slik at dei ikkje er like store. Ved å gjere dette vert mengda data som må lastast ned avgrensa og dermed vert det ikkje like dyrt å surfe på veven med mobilen.

Kort tid etter at Android vart lansert var Opera ute med ein eigen versjon av Opera Mini for Android som dei gjorde tilgjengeleg til nedlasting. Opera Mini har for tida 3,5/5 stjerner basert på nesten 4500 røyster, noko som ikkje er dårleg.

Rett før helga vart Opera Next-sida oppdatert. Denne sida viser kva Opera har på horisonten. Fram til nyleg innehaldt denne sida Opera 10 for datamaskinar, men no erklærer ho: “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Coming very soon: The next generation in mobile browsing”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;. I tillegg viser sida ein “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;Opera-O”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; og eit bilete med puslebitar foran. For kvar dag som går, forsvinn det eit par puslebitar.

Biletet som kjem fram på baksida av biletet ser ut til å vere ein person i dongeribukser med ein telefon i handa. Kva som er på skjermen til telefonen klarer ein ikkje å sjå enno.

Digi.no har snakka med Opera Software og kan fortelje at Opera er ambisiøse med deira neste prosjekt og Digi sit med fleire spanande detaljar som dei ikkje har lov til å offentleggjere enno.

Opera Software har tidlegare annonsert at dei jobber med ein versjon av Opera Mobile, som er tilgjengeleg for Windows Mobile, til Android. Opera Mobile liknar meir på ein vanleg smarttelefonnettlesar. Opera Mobile har òg turbo-teknologien til Opera som gjer det mogleg å auke farten på surfinga, slik som i Opera 10.

Kor tid Android-versjonen av Opera Mobile kjem til å verte sluppen har det ikkje vorte sagt noko om. Det einaste som er nemnt er at han er under utvikling.

Gi Kudos til denne saken!

Ingen relaterte nyheter.

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard