Ny video av Odroid
lør, sept 26, 2009
For ei stund tilbake skreiv me her på Nordroid om Odroid, den fyrste Android-enheten som er ein dedikert spelkonsoll. I den artikkelen viste utviklarane fram HDMI-utgangen som kan vise HD-innhald på fjernsyn. Dei viste òg ein SNES-emulator som lot dei spele gamle Super Nintendo-klassikarar på konsollen.
No har det vorte offentleggjort ein ny video av Odroid som viser konsollen spele musikk. Det heile er kanskje ikkje så imponerande, men det verker til å vere grei lydstyrke og -kvalitet på høgtalaren som sit nede til høgre for skjermen.
Det som kanskje er mest interessant er kor godt Android kjører. Det er ingen spor til hakking når personen som viser fram enheten går gjennom menyar eller blar i menyar. Det er til no ikkje nokon enhet som kjører Android så glatt, så det er tydeleg at prosessoren frå Samsung hjelper på ytinga.
Relaterte nyheter:
Tags: odroid, spill, spillkonsoll








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.