Odroid vert lagd ut til førehandsbestilling i dag
ons, sept 30, 2009
Nordroid har fleire gongar tidligare skrive om den fyrste dedikerte spelkonsollen som skal kjøre Android som operativsystem. Det har dukka opp videoar som både viser utgangen som spyr ut HD-oppløysning og korleis konsollen taklar musikk.
No har det koreanske selskapet bak konsollen lagt ut høve til å førehandsbestille konsollen. Det er snakk om ein utviklarversjon, slik at utviklarar kan verte kjende med maskinvare, før han kjem på marknaden.
I pakken som koster rett under 2000 kroner får ein med konsoll, Android 1.5, 2GB internt minne på ei TFlash-brikke, 8GB SDHC-kort for brukardata og sjølvsagt data-/ladekabel, pluss straumadaptar –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; det vert ikkje nemnt kva type. I pakken får ein òg med eit ekstra batteri i tillegg til det som står standard i konsollen.
Konsollen har fått sleppdato i desember. Ein spesifikk dato har ikkje vorte sett, men utviklarane har lova at konsollen skal vere ferdig og på marknaden til jul.
[via Slashgear]
Relaterte nyheter:
Tags: 1.5, odroid, spill, spillkonsoll








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.