Over 10.000 applikasjonar på Market
søn, sept 13, 2009
AndroLib.com, som er ei side som let deg sjå applikasjonane på Market i nettlesaren din, kunne for ikkje lenge sidan kunngjere at Android Market på mange måtar har nådd sin fyrste milepæl. Det er no posta over 10.000 applikasjonar på Market.
På AndroLib er det òg mogleg å få statistikk over applikasjonsveksten og fordelinga på dei ulike karakterane og kor mange nedlastingar som har vorte gjort.
Sjølv om 10.000 kanskje høyrest ut som mykje, er det likevel ikkje så mykje samanlikna med App Store på iPhone som har over 76.000 applikasjonar. Men ein må derimot hugse at App Store er over 2 år gammal, medan Market enno ikkje har vore tilgjengeleg eit år.
Paien over viser fordelinga mellom gratisapplikasjonar og betalapplikasjonar. Som de kan sjå er det eit godt fleirtal av gratisapplikasjonar. Dette er kanskje ekstra morosamt for oss her på berget, som ikkje har tilgang til betalapplikasjonar –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; enno.
Ein del utviklarar har klaga at salet av applikasjonar på Market ikkje er like bra som det på App Store og dei ser difor ikkje poenget i å utvikle for Android. Dei klagar òg på at brukarar kan levere applikasjonen tilbake innanfor 24 timar, utan å måtte betale for han.
Sjølv om salet på Android Market er dårlegare enn App Store, er det likevel urettferdig å samanlikne dei to. Betalapplikasjonar på App Store er tilgjengeleg i store delar av verda, medan betalapplikasjonar på Market berre er tilgjengeleg i eit par utvelde land. Ein treng ikkje å vere rakettforskar for å skjøne at marknaden er mykje mindre for betalapplikasjonar på Market.
Ein annan faktor som ser ut til å verke inn på salet er at Android-brukarar ikkje er like villige til å betale for applikasjonar. Mange av dei som fram til no har brukt Android har vore “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;nerdar”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; og teknologiinteresserte og denne gruppa er forkjemparar for den opne plattformen og er difor ikkje interesserte i noko form for avgrensa applikasjonar.
Dette kan likevel endre seg no som Android vert meir “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;folkeleg”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; med HTC Hero, Tattoo og Motorola Dext, kjem det ei ny brukargruppe som ikkje kjøper ein mobil med Android, men ein telefon med bra utsjånad og eit kult grensesnitt. Denne gruppa er på mange måtar den same gruppa som kunne kjøpt seg ein iPhone og desse kan òg vere meir villige til å betale for ein applikasjon.
Klarer ein å få opp volumet på mengda kjøp av betalapplikasjonar med den nye brukargruppa, kan ein kanskje klare å lokke utviklarar av betalapplikasjonar tilbake til iPhone.
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.