Snart klart for Ruby på Android
tir, sept 15, 2009
Programmeringsspråket som vert brukt i programma er Java, eit språk som vert utvikla av Sun. Mange tykjer derimot at det er ein skam at eit Linux-basert operativsystem ikkje kan kjøre Ruby-kode, noko som er standard for datamaskinutgåvene av Linux. Dette vil teamet bak JRuby gjere noko med.
Ein av fordelane med Java er at programma kjører i ein såkalla virtuell maskin. Det tyder at for kvart programm vert det oppretta ei lita “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;verd”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; for kun det programmet. Alt programmet gjer skjer inne i denne verda og påverker dermed ikkje operativsystemet direkte. Om programmet då skulle krasje, vil det ikkje påverke systemet på noko måte.
Ruby som er eit populært programmeringsspråk som er særskild mangfoldig og enkelt å bruke, noko som har gjort det til ein favoritt hjå utviklarar. Folka bak JRuby driv med ein implementasjon av Ruby inn i den virtuelle maskinen til Java. På den måten kan ein skrive program i Ruby, men kjøre dei i virtuelle Java-maskinar.
Det er mogleg å kjøre Ruby på Android allereie, men då berre gjennom Dalvik JVM, eit alternativ til den innebyggja virtuelle maksinen. Leiaren for prosjektet kan likevel no fortelje at det ikkje er lenge til ein kan kjøre JRuby via den innebyggja virtuelle maskinen, utan noko form for fartsreduksjon i høve til vanlege Java-applikasjonar.
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.