Sony Ericssons Android debut kjem i Januar(?)
tor, sept 17, 2009
Før sommaren byrja det å svirre rykter om at Sony Ericsson kom til å produsere ein telefon med Android. Telefonen skulle kome i deira X-serie som til no har berre eit medlem Xperia X1, som var deira fyrste Windows Mobile-telefon. X1 vart ikkje den suksessen som vart håpa, vil deira Android-telefon gjere det betre.

Android-telefonen har foreløpig namnet X3, som vel kan verte det endelege namnet. De lurer kanskje på kor X2 er, vel det vert sagt at den òg kjem til å verte lansert i januar, i lag med X3. Det høyrest kanskje med det fyrste litt rart ut, men mest sannsynleg så har dei to telefonane vorte utvikla parallellt, kor den eine kjører Windows Mobile (X2) og den andre kjører Android (X3).
Spesifikasjonane på telefonen er ganske imponerande. Telefonen har dei “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;vanlege”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; funksjonane som AGPS (Assisted GPS), WiFi, 3G og 3,5 lydjack. Det som derimot er meir imponerande er eit 8-megapiksels kamera med LED-blitz, andleteattkjenning, “http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;smile shutter”http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; (tar bilete når folk smiler), autofokus og biletestabilisator. Mobilen kan òg ta opp i VGA-oppløysning (640×480 pikslar).
Ein annan spesifikasjon som er meir imponerande en kameraet er skjermen. Skjermen er på heile 4 tommar, i ei verd kor 3,2 tommar er vanleg og iPhone troner på topp med sine 3,5 tommar. Som om ikkje stor skjerm var nok er oppløysninga på 800×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;400 pikslar, noko som er det høgste oppløysninga på noko mobil til no.
Sjølv om kanskje spesifikasjonane i seg sjølv er imponerande er det likevel Sony Ericsson sitt eige grensesnitt til Android som verkeleg har stelt oppmerksemda til folk. Grensesnittet integrerer sosiale tenestar som Facebook og Twitter i lag med kontaktar, meldingar og e-postar. Ein treng dermed ikkje å skifte mellom applikasjonar for å halde seg oppdatert. Under er ein video som viser ein kort demonstrasjon av Rachael som er kodenamnet på grensesnittet.
Her er ei liste over dei kjende spesifikasjonane så langt. Forhåpentleg kjem det fleire detaljar i tida framover.
- Quad-band GSM-tilkopling (850/900/1800/1900 MHz)
- Dual-band 3G (900/2100 MHz) med HSDPA 10Mbps og HSUPA 2Mbps
- 4-tommars rørsleskjerm med 800×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;400 pikslar
- Wi-Fi IEEE 802.11g
- A-GPS
- Bluetooth 2.1
- 3.5mm lydjack
- E-post (POP3, IMAP4, SMTP, MS Exchange)
- MiniUSB
- MicroSDHC-kortstøtte
Med dei dårlege tala til Sony Ericsson treng dei snart ein telefon som verkeleg slår gjennom, kan X3 kanskje verte den telefonen? Er Rachael sexy nok til å overbevise folk til å kjøpe ein SE X3 i staden for til dømes ein iPhone?
Relaterte nyheter:
Tags: rachael, sony ericsson, x2, x3







This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.