A A
RSS

Tidlig tilgang til den nye marknaden

man, sept 21, 2009

OS

Er du ein av dei som er ivrig etter å sjå den nye Android-marknaden og ikkje er redd for å installere uoffisielle ROM-ar på telefonen din? Då har du sjansen til å få tidlig tilgang til det nye marknadsdesignet.

android-16-market-vid

Ein av dei mest populære tinga å gjere Android-telefonar er å få såkalla root-tilgang, altså få tilgang til alle funksjonar på telefonen, noko som tilsvarer det som vert kalla jailbreaking på iPhone.

Med root-tilgang har ein òg høve til å installere såkalla ROM-ar på telefonen. ROM-ar er filer som inneheld operativsystemet på telefonen. Det finnst både dei offisielle ROM-ane frå Google og dei offisielle modifiserte ROM-ane frå HTC og Motorola. Det finnst òg eit hav av modererte ROM-ar frå samfunnet rundt Android-telefonane. Då er det anten einskildpersonar eller ei gruppe med personar som har laga eigne modifikasjonar på ROM og slepp, slik at andre òg kan bruke han.

Desse samfunns-ROM-ane har ofte funksjonar som er lagt til, kodeoptimalisering slik at Android er raskare eller andre ting som personane bak ROM-en tykkjer er viktig. Cyanogen har ein slik ROM kor han inkluderer dei nye funksjonane som kjem i 1.6-versjonen av Android. Google legg ut dei nye kodesnuttane til Donut etter kvart som dei er ferdige. Cyanogen tek desse kodane og legg dei til i ROM-en hans.

I den siste ROM-en til Cyanogen har han lagd til den siste versjonen av Android-marknaden, slik at dei av dykk som ynksjer å få tidlig tilgang kan derfor installere Cyanogen ROM-en og få ein snikkikk på Donut. Du finn meir informasjon på heimesida til Cyanogen.

Gi Kudos til denne saken!

Ingen relaterte nyheter.

Tags: , , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard