Vert det slutt på samfunnsROM-ar
søn, sept 27, 2009
No i veka fekk mannen bak kallenamnet og den høgst populære Android-ROM-en Cyanogen eit såkalla Cease &http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; Desist-brev frå Google. C&http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;D betyr i korte trekk at du har fått eit juridisk brev om å stoppe det held på med, og i dette tilfellet er det å distribuere ROM-ane som Cyanogen har laga.
Store delar av Android-samfunnet har gått bananas over Google sitt trekk. Mange er sinte og sure og skriv at dei ikkje respekterer Google lenger, at Google har øydelagt for seg sjølve og at dei er like dårlege som Apple. Mange har sagt at dei vil gå over til Palm Pre eller iPhone i protest mot Google si handling.
Det heile dreier seg om at ROM-ane til Cyanogen inneheld visse applikasjonar som er utvikla av Google –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; Maps, GMail osv –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; som Google har laga, men som ikkje har open kjeldekode slik som Android. Desse programma vert derfor distribuert ulovleg av Cyanogen når han legg ut sine ROM-ar.
OPPDATERING: Cyanogen kjem til å halde fram å distribuere ROM-en sin, en dei vil ikkje innehalde Maps, GTalk, Market og YouTube. Cyanogens post.
Det ser ut til at Google tener pengar på at mobilprodusentane kan få ha desse applikasjonane førehandsinstallert på deira mobilar når dei vert selde. Viss Cyanogen og andre individ som lager ROM-ar kan distribuere dei fritt, har ikkje Google noko marknadsgrunnlag til å selgje rettane til applikasjonane på.
Det som ser ut til å skje no framover er at ROM-ane ikkje lenger kjem til å liggje lett tilgjengeleg på XDA-Developers, men kjem til å trekkje til torrent-sider. Google har klart å lage eit kaos i eit fredeleg samfunn, med utviklarar som ville bidra til eit betre operativsystem.
Likevel må Google ha litt respekt for å ta støyten. Android er eit resultat av Open Handset Alliance, kor fleire store mobilprodusentar og -bedrifter er representert. OHA måtte før eller seinare ta opp problemet med delar av Android som kanskje vert distribuert utan dei riktige rettane. I staden for at OHA gjekk ut som ein samla organisasjon, gjekk Google ut og tok heile støyten, slik at resten av OHA ikkje vert noko særleg påverka av stormen som kjem.
Sjølv om det er eit samfunn som er under opprør er det likevel ein stor del vanlege brukarar som ikkje kjem til å tenkje over Google sitt trekk. Dei er nøgde med telefonane sine slik dei er og bryr seg ikkje om samfunnsROM-ane som vert lagd ut på veven. Denne gruppa vil nok ikkje gjere opprør, men halde fram å bruke mobilane som før.
Kva tykkjer de? Er dette eit dårleg trekk av Google? Har dei øydelagt alt med å gjere samfunnsROM-ane ulovlege?
Relaterte nyheter:
Tags: rom, samfunsrom








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.