A A
RSS

Vil det verte deling på Market?

søn, sept 13, 2009

Applikasjoner, Maskinvare

androidmarket

Sjølvsagt er det alltid kjekt, morosamt og interessant med nye Android-enhetar, men kan utviklarane støte på eit problem? Kva med maskinvaren? Den varierer med ulik grad frå enhet til enhet. Kjem det til å verte eit problem for utviklarar? Ikkje minsthttp://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; kva med brukarane av Android?

Den amerikanske nettsida AndroidGuys.com stilte problemstillinga om Market kjem til å verte delt når det kjem mange ulike Android-enhetar med ulike maskinvarespesifikkasjonar. Spesielt sidan ein dei siste dagane har vorte servert mange nye telefonar, med særskilt ulik maskinvare.

HTC Tattoo har to faktorar som skaper uro hjå utviklarar og Android-entusiastar som er redde for at nykommarar skal skremmast bort. Tattoo kjem ikkje med fingevenleg rørsleskjerm, men med trykkfølsom skjerm som ein oftast kjenner frå HTC sine Windows Mobile-telefonar. Det tyder med andre ord ein må bruke ein stylus/peikepenn.

Tattoo kjem òg med ei låg oppløysning 320×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;240 pikslar. Andre Anrdroid-enhetar har kome med 420×http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;320, noko som er ein del større. Mange spør seg korleis applikasjonar kjem til å verte på telefonen, ettersom dei er lagde for ein skjerm med høgare oppløysning.

Både HTC Tattoo og Motorola Cliq/Dext kjem utan den særeigne  styrekula som har vorte nærast synonym med Android. Spørsmålet er om utviklarar må ta hensyn til at retningsknappar er annleis å bruka enn ei styrekule.

Korleis kjem framtida til Market å verte dersom utviklarar lagar applikasjonar som berre verker på ein viss maskinvare, fordi dei treng ein viss skjermstorleik eller ein viss prosessorsnøggleik for å få programmet til å drive skikkeleg? Kan det vere at ein ser fleire utgåver av same applikasjon, men for ulike enhetar? Kanskje ein får utgåver av den same applikasjonen som er reinska for avanserte funskjonar for å verke på meir primitive enhetar.

Det som kan verte avgjerande for heile denne problemstillinga er kor strenge Google vert på skjermoppløysningar. Om Google ender opp med å støtte ei stor mengd ulike oppløysningar som ikkje har same sidetilhøve, kan ein få same situasjonen som ein har Windows Mobile, kor det er vanskeleg å lage ein applikasjon som kan kjørast fint på alle enhetar.

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Over 10.000 applikasjonar på Market
  2. Ny informasjon om HTC Tattoo
  3. Med Hero berre ein månad på marknaden kjem HTC med Tattoo
  4. Fleire bilete av HTC Tattoo
  5. HTC Tattoo kjem i oktober

Tags: , , , , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard