Wallet –http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/http://nordroid.no.nyud.net/2009/09/; ein fransk MID med Android
fre, sept 25, 2009
Det franske selskapet eviGroup kunngjorde på onsdag at dei kjem til å lansere ein MID (Mobile Internet Device) med Android som operativsystem. MID-en kjem i hovudsak til å merkes med andre varemerker enn eviGroup. Dei legg opp til at mobiloperatører og PC-produsenter merker enheten med deira logo og sel han gjennom sine kanalar. Likevel rekner eviGroup med at ein kjem til å sjå Wallet, som MID-en vert kalla, i butikkar i slutten av 2009, starten av 2010.
eviGroup kunngjorde og spesifikkasjonane til Wallet, som ikkje tek heilt av, men dei er likevel meir gode nok til å kjøre Android:
- 5-tommars skjerm
- 800 x 480-oppløysning
- CPU Samsung 6410 ARM 11to 533/667MHZ
- Android (versjon ukjend, truleg Donut på grunn av oppløysning)
- Kamera (megapisklar ukjend)
- 8GB internt minne
- MiniSD
- 2 USB-portar
- 3.5mm-jack
- Wi-Fi
- GPS
- 3G
eviGroup samanlikner Wallet med iPhone opp til fleire gongar. Det dei trekk fram er sjølvsagt den store skjermen (5 tommar, mot iPhone sine 3,5) og at lysstyrken er god, slik at ein kan bruke Wallet ute sjølv om sola skin. Dei fortèl òg at Wallet er noko tjukkare enn iPhone, men det er på grunn av at dei ikkje vil at Wallet skal verte varm når du kjører tunge program eller ser på video.
eviGroup la òg ut ein presentasjon av Wallet, men han er diverre på fransk, så med mindre du følgte med på ungdomsskulen vil du slite med å skjøne kva dei eigentleg viser fram. Det finnst heldigvis eit fullt transkript av presentasjonen på hypranet.org.
[via Phandroid]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.