Acer kjem med Androidtelefon
man, okt 19, 2009
Etter rykter i mange manåder, har det endeleg vorte offisielt: Acer kjem med mobiltelefonar. Den fyrste telefonen kjem til å vere pioneren i Acer si telefonerekkje kalla Liquid. Liquidrekkja kjem til å vere Androidtelefonar med eit modifisert grensesnitt oppå Android, på same linje som HTC Sense og MOTOBLUR. Telefonen deira kjem framleis til å heite A1, slik som kodenamnet.
Acer har gjort litt i same banar som Motorola og ikkje endra totalt på utsjånaden til Android. Acer har tatt standardutsjånaden og vidareutikla grensesnittet. Dei har òg laga eigne widgetar som gjer det enklare å slå ulike funksjonar av og på, som til dømes wifi, bluetooth og GPS.
A1 kjem òg til å vere den fyrste Androidtelefonen til å kjøre på den etterlenkta Snapdragonprosessoren til Qualcomm, som leverer heile 1GHz med prosessorkraft. Dette er eit stort steg opp frå det som er standard no på Androidtelefonar, som er 528MHz (1000MHz = 1 GHZ). Tidlige testar av telefonen fortèl at heile telefonen er utruleg rask og alt kjører glatt.
Telefonen vart fyrst vist fram med ein svart utsjånad, men han har seinare vorte vist med raud lakk òg. Det ser ut som Acer verkeleg prøver å skilje seg ut i mengda. Ein annan ting som skil Acer A1 frå konkurrentane er at telefonen kjem med ein 3,5-tommars skjerm og ei oppløysning på 800×http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;480 pikslar.
Når telefonen skal sleppast har ikkje vorte sagt av Acer, likevel vert det spekulert i eit slepp på denne sida av nyttår, noko som vil kome Sony Ericsson sin rykta X3 i forkjøpet som er rykta å kome i januar. Det har heller ikkje vorte nemnt noko pris på telefonen, men ein kan nok vente seg noko i 4-5000 kroners klassen.
Under finn de spesifikkasjonane til telefonen:
- 3.5-inch WVGA (800 × 480) Capacitive Touchscreen
- Processor: Qualcomm QSD 8250 1GHz
- 256 MB RAM
- 512 MB FLASH ROM
- 115 × 64 x 12.43 mm
- Weight 135g (including battery)
- Category 8 HSDPA / HSUPA Category 5 / UMTS (2100/1900/900 MHz) for EU
- Category 8 HSDPA / HSUPA Category 5 / UMTS (2100/1900/850 MHz) for U.S.
- GSM: Quad-band 850/900/1800/1900 MHz
- GPRS / EDGE: Class B, multi-slot class 10
- Messaging: MMS, SMS
- WLAN: 802.11b / g Wi-Fi CERTIFIED ® network connection
- Bluetooth ® 2.0 + EDR
- AGPS
- 5MP camera with Auto-Focus
- Accelerometer
- Light sensor
- 3.5 mm headset jack
- Capacitive buttons: Home, Search, Back, Menu
- Hardware buttons: Volume Up, Volume Down, Camera, Power / Standby
- 1350 mAh Li-on battery
- Talk time: Up to 5 hours for WCDMA / Up to 6 hours for GSM
Meir bilete kan de finne her:
Relaterte nyheter:
Tags: a1, acer, liquid, snapdragon











This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.