Android-Acer i november
lør, okt 3, 2009
For ei lita stund tilbake skreiv Nordroid om ein nye Acer Aspire One som kom til å ha både Windows XP og Android installert. I den forrige artikkelen var det nokre få bilete som viste Android kjøre. Det såg ikkje ut til at Acer hadde gjort noko særskild med Android, utanom å blåse opp bilete slik at det passa på skjermen.
No kjem det nye rykter som seier at Android-Acerarne kjem i november. Det vart tidligare rykta om at han skulle kome i tredje kvartal, men det er no tydeleg at det ikkje vart noko av. November verker derfor ikkje heller heilt usannsynleg.
Det som derimot er interessant er at det har komt rykter om at Google OS/Chrome OS skal kome på dei fyrste netbookane i Kina neste månad. Dette er sjølvsagt langt frå stadfesta og for alt ein veit kan det vere ein billigkopi av operativsystemet til Google. Kan det tenkjast at Acer føler presset?
Gler de dykk til Acer sin kombinerte Windows/Android-maskin, eller er det berre nok ein netbook?
[via Netbook Choice]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.