Dell kastar seg på Androidbølga
lør, okt 10, 2009
Den store trenden blant mobilprodusentar den siste tida er å lansere telefonar med Android. Etter HTC har Motorola, Samsung, LG, Geeks Phone og Sony Ericsson anten annonsert eller lansert Androidtelefonar. No har Dell òg meldt seg inn i klubben.
Det har lenge vore rykter om at Dell skulle kome med smarttelefonar. Det vart spekulert om dei kom til å gå for Windows Mobile, eller som dei skulle velgje Android. Dei ser ut til å veld Android og har planar om å lansere den fyrste telefonen i fyrste kvartal av 2010.
I følge kjelden som visstnok er sentral i planleggjinga av utrullinga skal mobilen verte lansert i Europa, men spesifikke land vert ikkje nemnt. Om han kjem til Noreg er difor usikkert og lite sannsynleg. På grunn av den avgrensa merknaden her på berget, må nok nordmenn plannleggje import om dei har lyst på mobilen frå den store PC-produsenten.
Det er òg snakk om at telefonen skal lanserast under mobiloperatøren AT&http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;T i USA. Dette vil då verte den andre Androidtelefonen til AT&http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;T som i tillegg har oPhone på marknaden. oPhone er derimot ikkje ein utfordrar til korkje iPhone eller eventuelle Dell-telefonar på grunn av mangelen på 3G og Wifi.
[via ITProPortal]
Relaterte nyheter:
Tags: dell








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.