Èclair kjem til helten din
lør, okt 31, 2009
Dersom du går rundt med ein helt i lomma, kan du no gjere ein liten gladdans. HTC sjølv har stadfesta at Hero kjem til å få ei oppdatering som putter Android 2,0 under HTC Sense, i staden for Android 1,5. Dermed gjer HTC eit sprang og hopper rett forbi versjon 1,6.
I uttalinga frå HTC skriv dei at folk må har tolmod. Dei som kjenner til HTC si historie kan fortelje at det kan tyde ei stund. Med tanke på at Android 2,0 ikkje kjem til å sleppast for fullt før om ei stund og at HTC må integrere alle deira funksjonar, kan dette ta tid. Det ver spekulert om det i praksis ikkje vert før ut på nyåret at Hero-brukarar kjem til å sjå ei ny oppdatering.
HTC sin tweet som gjorde det heile offentleg: “The rumors are true! Hero will be getting an Eclair update. We ask for your patience as we update Sense for the fancy new Android OS.”
[via Electripig.co.uk]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.