Første LG-Android på video
man, okt 5, 2009
Som store delar av mobilverda for tida, hiv LG seg på bølga over mobilprodusentar som bruker Android på ein eller fleire av deira mobilar. Det har tidlegare vorte avslørt at telefonen skal lanserast fyrst i Frankrike og det er kanskje difor ikkje så overraskane at det er derifrå dei fyrste videoane av mobilen kjem.
Mobilen kjem med utskyvbart tastatur med fem rekker med knappar, kamera med 5 megapikslar og blitz, FM-radio, Wifi, bluetooth, batteri med 1500 mAh (noko som er imponerane i Androidverda og ein 520 mHz Qualcommprosessor.
Skjermen på mobilen er på 3 tommar, noko som er nok av det minste på Androidmarknaden. Det som derimot er litt skuffane er at det er ein resistiv skjerm, i staden for ein kapasativ som plar å vere vanleg på rørsleskjermar. HTC sine Windows Mobile-telefonar bruker til dømes resistive skjermar.
Grensesnittet på telefonen har fått nokre små oppgraderingar frå LG si side. Det er ikkje snakk om noko i nærleiken av HTC Sense eller MOTOBLUR, men det ser ut til å vere eit par små forbetringar her og der.
HDblog.it har lagt ut den eine videoen frå Le Journal de Geek, som diverre er utan lyd:
Den andre videoen er frå franske CNET, som gjer eit intervju med ein ansatt frå LG, sm viser fram telefonen:
Ingen relaterte nyheter.








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.