Hier kommt Alex
ons, okt 21, 2009
Med ein dårleg referanse til Die Toten Hosen til overskrift, introduserer eg de for elesaren Alex. Designfirmaet Spring Design har utvikla ein elesar med to skjermar. Ein nedre skjerm på 3,5 tommar og ein øvre på 6 tommar. Den øvste skjermen skal vere ein “http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;tradisjonell”http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; monokrom eblekkskjerm, slik som ein kan sjå på andre elesarar og, meir kjend, Amazon Kindle.
Den nedste skjermen kjem til å vere ein fargeskjerm som kjører Android. På denne skjermen får ein multimediafunskjonalitet som biletevising, videoavspeling og nettlesing. Bilete og nettlesing skal òg kunne flyttast opp på monokromskjermen, slik at ein kan spare på batteriet.
Det er ikkje nemnt kva versjon av Android som kjører på Alex, men det er å forvente at det er versjon 1,6 som òg er kjend som Donut. Det ser ut til at Android kjører godt på enheten, noko ein kan sjå på videoen nedanfor. Sjølv om videoen ikkje er særskild bra, ser det ut til at applikasjonane startar fort og det tek ikkje lang tid å opne menyen i applikasjonane.
Spring Design skriv i pressemeldinga at dei håper å sleppe Alex i løpet av året, utan at dei vil nemne noko meir spesifikt enn det.
[via Engadget]
Ingen relaterte nyheter.
Tags: alex, eleser, spring design








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.