A A
RSS

HTC legg ut kjeldekoden til HTC Hero

tor, okt 22, 2009

OS

Android er som sikkert dei fleste veit eit operativsystem som er byggja på Linux som har open kjeldekode. Kjeldekoden er sjølve programkoden som får ting til å skje i operativsystemet. Windows sin kjeldekode er til dømes lukka, slik at ingen utanom dei Microsoft har gjeve løyve til kan sjå koden.

htc-hero-source-code

Kjeldekoden til HTC Hero har til no vore lukka, ingen utanfor HTC har offisielt hatt tilgang til han, men no har endeleg gjort han tilgjengeleg til massane. No kan kven som helst laste ned koden og leike med han slik dei vil.

Kva har dette å seie for meg? Spør du kanskje. Svaret er at dersom du liker å laste inn eigne ROM-ar på telefonen din, kan endeleg modarane få fri tilgang til HTC Hero sin kjeldekode og gjere han tilgjengeleg for andre Androidtelefonar. Dermed treng du kanskje ikkje å oppgradere heilt enno.

Det som er litt spanande å sjå er om HTC gjer full tilgang til HTC Sense. Sense er tross alt noko HTC sjølv har utvikla og kanskje ikkje ønskjer at andre skal ta i bruk. Det som heilt sikkert ikkje kjem til å vere med i kjeldekoden er flash. Om flash mot formoding skulle hamne med i koden, er det nok lukka, slik at ingen kan kopiere koden. Kjeldekoden til flash er lukka til vanleg.

For dei av dykk som har ein oppdatert HTC Hero og har lyst til å få roottilgang, kan dette vere redninga. Etter at HTC oppdaterte Hero har det ikkje vore mogleg å få roottilgang, som tyder at ein får tilgang til alt på telefonen, sjølv forbi der HTC har sett grensene. Med kjeldekoden kan det vere at samfunnet rundt Android finn ein måte å knekke sperra til HTC.

[via Phandroid]

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Èclair kjem til helten din
  2. Med Hero berre ein månad på marknaden kjem HTC med Tattoo
  3. Oppdater helten din
  4. Kjelden til Èclair er fri!

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard