Info om X3 snart
tir, okt 27, 2009
OPPDATERING: Det har i løpet av dagen kome rykter om at telefonen kjem til å heite Infinity, etter nokon snoka litt i HTML-koden på ei nettside. Det har òg kome fram at Sony Ericsson ikkje har gjort nokon planar om å halde ei hending 3. november.
Softpedia tweeta for ei stund tilbake at Sony Ericsson kom til å gjere ei annonsering i november. Det ser ut til at ein no kan sjå fram til ei annonsering i starten i november, 3, november for å vere eksakt.
Nordroid har skrive om Sony Ericsson X3 før, kor me òg hadde ein video som viste Sony Ericsson sitt grensesnitt som dei putta oppå Android, på same måten som HTC Sense og MOTOBLUR.
Det ser òg ut til at telefonen kanskje kjem til å få ei namneendring før lansering. Det ser ut som telefonen skal skifte namn til X10. Dette er sjølvsagt rykter, men ein kjelde som jobber hjå Sony Ericsson hevder at det vert ei namneendring før lansering av telefonen.
Det som sjølvsagt er interessant er at telefonen kjem til å vere ein av dei kraftigaste og største telefonane som kjører Android. Forutan å kjøre den raske Snapdragonprosessoren til Qualcomm, har telefonen ein 4-tommars skjerm med ei oppløysning på 854×http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;480.
Telefonen kjem òg til å kjøre Èclair, altså Android 2,0, noko som tyder at ein kan dra nytte av alle dei nye funksjonane ein kan vente seg i den neste versjonen av operativsystemet frå Google.
Me har tidlegare skrive at telefonen kunne lanserast i januar 2010, men no byrjer rykta å seie i løpet av dei fyrste åtte vekene av 2010. Det tyder at ein kanskje må vente heilt bort mot grensa av mars før ein ser X3/X10. Det som likevel er ganske sikkert er at ein kjem til å sjå telefonen i fyrste kvartal av 2010
Rachel-grensesnittet til Sony Ericsson:
Relaterte nyheter:
Tags: 2.0, èclair, rachel, sony ericsson









This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.