A A
RSS

Japanarane skal kaste e-posten til kvarandre

tor, okt 8, 2009

Applikasjoner

Den store japanske mobiloperatøren DoCoMo har utvikla ein applikasjon for Android som let brukarane kaste e-postane dei vil sende til sine kontaktar. Det heile skal vere designa for å gje ein meir morosam måte å sende e-post på.

htc-magic

HTC Magic

PCWorld skriv at DoCoMo viste fram Throw Mail fram på Ceatec-messa som vert held i Chiba i Japan. Applikasjonen kjørte på ein HTC Magic i standen til DoCoMo. For å sende ein e-post til ein kontakt bruker ein kameraet til å finne ut kor personen er, ved å sjå i rett retning. Ein trykker på ikonet som symboliserer kontakten og gjer seg klar til å kaste.

Når ein trykker på ikonet får ein opp kor langt borte personen er, slik at ein veit kor langt ein må kaste. Mobilen vart vist fram med ei handleddstropp, noko som kanskje ikkje er så dumt med tanke på at ein kan kome til å sende mobilen flygande om ein ikkje tek eit godt tak.

Ein av utviklarane bak Throw Mail, Keiichi Ochaiai, fortel at applikasjonen framleis er under utvikling og ikkje er ferdig. Han kunne heller ikkje love at applikasjonen kom til å verte sluppe kommersielt.

Kva seier de? Er det morosamt å kaste e-postane i staden for trykke på ein virtuell knapp?

Gi Kudos til denne saken!

Ingen relaterte nyheter.

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard