Kjem det fleira Droid-ar?
ons, okt 28, 2009
For ei lita stund tilbake i artikkelen om Motorola Droid lag eg med ein video som viste reklamen for Motorola Droid, no kan det derimot vise seg at det er snakk om ein generell telefonreklame for ei produktrekkje kalla Droid, som kjem til å kome hjå Verizon (ein av dei amerikanske teleoperatørane).
HTC kjem til å sleppe ein telefon i tidleg i november som kjem til å verte ein veslebror til Motorola Droid. Telefonen skal heite Eris, men det vert spekulert i om telefonen kanskje skal heite Droid Eris og falle inn i den ovanfornemnte produkterekkja.
Verizon har ikkje nemnt mobilen noko særleg i kjølvannet av Droid, noko som kanskje ikkje er så rart med tanke på at Eris ikkje har noko særskild imponerande spesifikkasjonar: Telefonen skal visstnok kome med ein 528 MHz prosessor og Android 1,5. Det ser ut til at mobilen skal verte Verizon sitt svar på HTC Hero som har vorte lansert på konkurrenten Sprint.
De synes kanskje det er litt rart at det mobiloperatørane som lanserer telefonane. I USA er mobilmarknaden heilt annleis i høve til i Europa. I USA vel ein fyrste mobiloperatøren basert på prisar, dekning og kundesørvis. Ein ser deretter kva mobilar dei har. Telefonar som Droid og Hero skal få folk til byte mobiloperatør, på grunn av mobilen.
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.