Kjem Google med eigen telefon?
lør, okt 24, 2009
Før Android vart annonsert heilt tilbake i 2007 var det snakk om at Google jobba på ein såkalla gPhone, som skulle vere ein direkte motstandar til iPhone-en frå Apple. Når Google dermed annonserte Android, kunne dei fortelje at det kom til å kome på hundrevis med ulike gPhone-ar.
Google har meir eller mindre sagt i samanheng med Android at dei kjem til å halde seg på programvaresida, medan mobilprodusentane får stå for maskinvaren. Men det har seinare kome for dage at det er mest sannsynleg som laga designet til HTC Dream/G1 og ikkje HTC. HTC skal bare ha produsert telefonen for Google.
No har det kome rykte nok ein gong om at Google skal kome med ein eigen telefon. Google skal visstnok jobbe i lag med ein telefonprodusent om å lage ein telefon som skal vere merka med Google. Det er rykter om at produsenten kjem til å vere HTC.
Det som då kjem til å skje er at Google får ein telefon produsert av HTC, eller ein annan produsent, som merker alle telefonane med Google, slik at Google vert merket som har produsert telefonen. På den same måten som HTC produserte alle XPERIA-telefonane til Sony Ericsson og merka dei med Sony Ericsson.
Det som òg er rykta er at Google ikkje kjem til å knyte seg til nokon av teleoperatørane i USA, noko som er uvanleg i Nord-Amerika. På den andre sida av pytten plar ein ofte å velgje operatør og abonnement før ein vel telefon. Dersom Google ikkje går via dei kanalane, men lanserer telefonen til å vere open for alle operatørar kan dei opne ein ny marknad for billigare telefonar.
[via Telegraph]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.