Kva får me servert med den neste deserten?
tir, okt 20, 2009
Google har så vidt piska Android 1,6, òg kalla Donut, ut døra og allereie no byrjer det å kome rapportar omkva einn kan kome til å sjå i den neste versjonen 2,0, med kodenamn Èclair.
I forkant av både 1,5 (Cupcake) og 1,6 (Donut) mottok Google store plastutgåver av bakverka og det same gjeld 2,0. I sist veke kom det videoar som viste ein stor Èclair som kom til Googleplex, som er hovudkontoret til Google i California.
Den store nettsida Boy Genius Report har fått tak i ein tidleg bygg av Èclair og viser i ein lang bileteserie kva som er nytt i den nye versjonen av Android. Det ser ut til at Google verkeleg prøver å kome opp på nivå med iPhone, når det kjem til innebyggja funksjonar og kor enkelt det skal vere å bruke.
I den nye versjonen vil det sannsynlegvis kome innebyggja støtte for Exchangetenarar. Microsoft Exchange vert mykje brukt i arbeidslivet av store bedrifter som e-posttenar. Med innebyggja støtte vil Android deifinitivt verte meir attraktivt for bedriftsmarknaden.
Facebook ser òg ut til å få standardintegrasjon i den nye versjonen. Kontaktane dine vil òg verte synkronisert automatisk med kontaktinformasjonen på Facebook. Det ser òg ut som det kjem med ein applikasjon for å bruke facebook.
Nettlesaren har òg fått ei overhaling både visuelt og ytingsmessig. Adresselinja har fått eit nytt design og det har òg komt ein bokmerkeknapp ved sida. Sjølve ytinga til nettlesaren er òg betre og BGR hevder at det nesten er like bra som Safari på iPhone. Nettlesaren skal òg vere eit godt steg over den som kjem på HTC Hero.
Det har òg komt med ein såkalla “http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;Car Home”http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; i byggjen som BGR har fått tak i. Dette er ein eigen heimeskjerm som skal brukast medan ein er i bilen. Ein har då berre dei viktigaste knappane tilgjengelege slik som til dømes kontaktar, vegskildring og kart. Det er òg støtte for røystkommandoar, slik at ein slepp å sjå på skjermen for å bruke han.
Kontaktlista har òg fått eit litt ny utsjånad. Det ser ut som det er meir luft mellom kontaktane slik at det ikkje lenger ser så trongt ut. Det har vorte lagd til nokre nye funksjonar òg, slik at ein slepp å trykke seg inn på kontakten for å så velgje handlinga ein vil utføre. No har ein moglegheit til å trykkje på kontaktbiletet og ein får opp ein liten hendig meny med val.
Nokre av småtinga ein kanskje legg merkje til er små endringar i utsjånaden til standardelementa i Android. Til dømes kan ein sjå at fanene har endra utsjånad, noko ein ser tydeleg på biletet av kontaktapplikasjonen. Standardikona til Android har ikkje 3D-utsjånaden lenger, slik som han har vore fram til no. Kanskje like så greit ettersom det er få utviklarar som har følgt retningslinjene til Google.
Taltastaturet ein bruker når ein skal slå nummer har òg fått ei lita visuell oppgradering, som får ho til å sjå litt meir sexy ut. Litt synd ho ikkje fekk noko i form av den som er på HTC Hero, som søker i kontaktar medan du skriv inn telefonnumeret eller byrjer å skrive namnet på nokon kontaktlista.
Låseskjermen har òg fått seg ein ny drakt. I staden for den smågrimme som har vore standard til no, vert Èclair servert med ein litt meir gjennomført låseskjerm. No dreg ein hengjelåsen i bue til høgre, mot høgtalarikonet for å låse opp mobilen. Høgtalarikonet lèt deg slå lydlaus av og på.
For enda fleire oppdateringar, oppgraderingar, nyhender og bilete av Èclair, kan de ta ein tur til BoyGeniusReport.com og ta ein kikk sjølv.
Relaterte nyheter:















This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.