Meir om Droid
ons, okt 28, 2009
I dag haldt Motorola ei eiga hending berre for å promotere og lansere Motorola Droid. Droid er, som de sikker veit, ein av dei mest interessante telefonane som vert sleppt på denne sida av årsskiftet. Nordroid har skrive om telefonen tidlegare.
Det einaste som er surt med mobilen er at han er laga for mobiloperatøren Verizon Wireles som bruker det amerikanske CDMA-nettverket i staden for det norskutvikla GSM-nettverket som Europa og andre mobiloperatørar i USA bruker.
I ein video frå nettstaden Tinthe.com viser ein av forfattarane likevel ein GSM-versjon av Droid, noko som kan tyde på at telefonen kan kome til Europa i framtida. Om og når dette kan skje er det ikkje noko rykter om –http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; foreløpig. Skulle mobilen ikkje kome til Europa med det fyrste, er det likevel moglegheit å importere GSM-versjonen frå USA om han vert sluppen til fritt kjøp utan abbonement.
På hendinga til Motorola kunne produsenten fortelje at telefonen kom til å verte sluppen på marknaden 6. november og kom til å koste 199 amerikanske dollar (litt over 1100,- norske kroner) med abbonement. Dette er til den same prisen som iPhone vert seld for i USA.
Då er det berre å krysse fingrane og håpe på ei pressemelding om ein Europaslepp. Pressemeldinga frå dagens hending kan de forøvrig få med dykk på Phandroid.com.
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.