Motorola Cliq får skryt
ons, okt 21, 2009
Det har vore knytta spenning til Motorola sin debut i Androidverda og det ser ut til at dei har gjort ein god entrè. Motorola Cliq som vart lansert tidlegare denne veka introduserer Motorola sitt eige grensesnitt –http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; MOTOBLUR –http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; som vert lagd oppå Android på same måten som Sense frå HTC.
Det har vorte rette uro mot Motorola sitt val å bruke ein 3,2-tommars skjerm på ein Androidtelefon, ettersom mange tykkjer at 3,2 tommar, som er på dei fleste i dag, er lite nok samanlikna med iPhone sine 3,5 tommar. Sjølv om det kanskje ikkje høyrer mykje ut, utgjer det ganske mykje når du ført sitt med telefonen i handa.
CNET posta nyleg ein video kor dei går gjennom telefonen og fortel litt om korleis MOTOBLUR verker og korleis designet kjennes når ein sit med det i handa. T-Mobile G1 eller HTC Dream er kjend for den billige kjensla, noko som på mange måtar gav eit dårleg fyrsteinntrykk av Android, men Motorola bringer ikkje skam over Android med Cliq skal me tru CNET.
Det er òg snakk om at Cliq kjem til Europa på eit seinare tidspunkt, men då under namnet Dext. Om det kjem til å skje får berre tida vise.
CNET sin gjennomgang av Motorola Cliq:
Relaterte nyheter:







This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.