A A
RSS

Motorola sin ultimate Androidtelefon

lør, okt 24, 2009

Maskinvare, OS

Motorola har sagt at dei kjem til å satse hardt på Android i tida framover, ikkje bare på grunn av moglegheitane til å gjere deira eige, men fordi dei slit litt med det økonomiske og treng å gjere det bra for å halde hovudet over vatnet.

motorola-droid-preview-5

Det har vore mykje rykter den siste halve månaden om at Motorola kjem til å lansere ein telefon under operatøren Verizon Wireless i Amerika. Telefonen skal heite Motorola Droid og kjem til å verte lansert i detalj på ein eigen pressekonfernse den 28. oktober.

Telefonen kjem til å verte lansert på den amerikanske marknaden 6. november, med brask og bram. Droid kjem då til å vere den mest avanserte Androidtelefonen som er på marknaden, utan tvil.

Droid-reklame:
If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Droid kjem med ein 3,7-tommars skjerm med ei oppløysning på 854×http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;480 pikslar(!), 5 megapikslars kamera med autofokus og dobbel LED-blitz, utskyvbart tastatur i fire rekker, GPS, Wifi, 550 MHz Texas Instruments-prosessor, separat PowerVR GPU, 256 MB RAM, digitalt magnetometer (som legg merke til magnetfelt rundt mobilen), accelerometer, omegnssensor, LED-varslingslys, fire trykksensitive knappar, 3,5-jack lydport og til slutt microUSB-port.

Heile denne pakka er godt pakka inn i solid metall, noko som gjer at telefonen vert ganske tung, men utruleg solid i samanlikning med mange andre telefonar. Skjermen er òg i glass, noko Boy Genius Report ikkje kunne stadfeste, men er i alle fall det som er påstått.

motorola-droid-preview-7

Som det sikkert forstår er det ganske imponerande spesifikkasjonar ein snakkar om her. Sjølv om det kanskje høyres lite med berre 550 MHz i prosessorkraft, har Droid ein eigen grafikkprosessor som står for kalkuleringa av grafikken, noko som gjer at lastinga på prosessoren vert mindre.

Boy Genius Report kunne òg fortelje at batteriet var det beste dei hadde prøvt på noko telefon. Sjølv om dei synkroniserte med Googletenestane og Facebook, varte batteriet lett ein heil dag. Dei hadde derimot GPS og Wifi, som er nokon skikkeleg batterislukarar.

motorola-droid-preview-14

Telefonen er òg den fyrste telefonen som kjem til å kjøre Android 2,0, som ein òg kjenner under kodenamnet Èclair. Me har tidlegare skrive om Èclair og nokre av nyhendene som kjem til å kome i den neste versjonen av Android. Det ser ut som at Èclair har gjort Android vaksent og ein meir seriøs utfordar til eit bra iPhone-alternativ.

Enkel gjennomgang av Droid:
If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

For meir bilete kan de ta ein kikk hjå BGR. Dei har òg fleire samanlikningsbilete med andre telefonar.

motorola-droid-preview-13

Motorola Droid og Apple iPhone

[Noko via Phandroid]

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Motorola Cliq får skryt
  2. Meir om Droid
  3. Enda meir om Droid
  4. Milestone –http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; Droid for Europa
  5. HTC kjem raskt tilbake

Tags: ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard