Samsung annonserer fyrste Androidmobil til USA
tor, okt 8, 2009
For ei stund tilbake fekk me her i Europa Samsung sin fyrste Androittelefon, Samsung Galaxy i7500. No er det endeleg USA sin tur til å få ein Androidtelefon frå ein av dei største mobilleverandørane i landet.
Telefonen har fått namnet Samsung Moment, men er i ryktene er mobilen meir kjend som Samsung InstinctQ.
Telefonen får utskyvbart tastatur med knappar på fire rekker. Augene får bryne seg på ein 3,2-tommars AMOLED-skjerm, 3,2 megapiksels kamera. Under panseret kan de finne Wifi, GPS og ein imponerande 800MHz-prosessor, som til no er det raskaste ein kan finne i ein Androidtelefon som er sluppe.
Telefonen er diverre berre tilgjengeleg under operatøren Sprint i USA, om han kjem til Europa vart ikkje nemnt og er lite truleg.
For dei som interesserte kan de finne pressemeldingen til Sprint her.
[via Phandroid]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.