Samsung med ny Androidtelefon
tir, okt 6, 2009
Det er ikkje lenge sidan Samsung slapp deira fyrste Androidtelefon, Samssung Galaxy i7500. Telefonen kom med ein standard versjon av Android og utsjånaden fysisk var lik ein standard Samsungtelefon.
Samsung prøver seg no igjen med ein ny telefon, men denne gongen med ein litt friskare versjon av Android. Samsung Behold II skal ha fått TouchWiz, som er Samsung sitt augesnop, med ei 3D-kube som skifter mellom dei ulike heimeskjermane.
Elles vert det rykta at telefonen skal meir eller mindre ha dei same spesifikkasjonane som Galaxy: 3,2-tommars rørsleskjerm med AMOLED, 5-megapiksels kamera (mogleg med blitz og autofokus), Wifi og AGPS.
Telefonen er diverre berre tilgjengeleg i USA og det er ikkje nemnt noko form for dato når han kan kome til Europa.
[via ITProPortal]
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.