A A
RSS

Veslebroren til Droid

søn, okt 25, 2009

Maskinvare

Som de sikkert har fått med dykk kjem Motorola Droid til å vere ein kraftkar av ein Androidtelefon, men det kjem sjølvsagt òg med ein pris. Det er kanskje difor Motorola Calgary har stått opp frå dei utdaude rykters rekkjer og vist seg på ny.

motorola-calgary-small

Motorola Calgary-ryktene oppstod heilt tilbake i April, før noko offisiell Motorolamobil med Android var annonsert. Etter eit stund såg det ut som telefonen berre var eit rykte og mest sannsynleg hadde vorte forkasta. No har telefonen heller gjenoppstått som ein veslebror til Motorola Droid.

Designet minner om designet til Droid, men det har vorte gjort nokre modifikasjonar som gjer at telefonen ikkje ser like sexy ut. Calgary ser likevel ut til å vere eit bra alternativ til Droid for dei som ikkje har råd til å spytte ut alle pengane.

motorola-calgary-3

Spesifikasjonane er til ein viss grad like Droid sine: tre rørslesensitive knappar, optisk joystick, utskyvbart QWERTY-tastatur i fire rekker, 3 megapikslars kamera, 3,5-jack lydutgang, GPS, Wifi, microSD-port og digitalt magnetometer (som legg merke til magnetfelt rundt mobilen).

Det vert ikkje nemnt noko støtte for bluetooth, men det vil vere rart om Motorola ikkje putter det òg i potten, ettersom det nesten har vorte eit krav til nyare telefonar. Calgary skal òg kome med MOTOBLUR, noko Droid ikkje gjer. Mest sannsynleg på grunn av at Calgary skal vere retta mot ungdommar som ikkje har råd til Droid, men vil ha ein smarttelefon.

motorola-calgary-1

[via Phandroid, BGR]

Gi Kudos til denne saken!

Relaterte nyheter:

  1. Meir om Droid
  2. Kjem det fleira Droid-ar?
  3. Milestone –http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/; Droid for Europa
  4. Enda meir om Droid
  5. HTC kjem raskt tilbake

Tags: , ,

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Leave a Reply

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

  • november 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(16)
  • oktober 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(33)
  • september 2009 http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/http://nordroid.no.nyud.net/2009/10/;(35)

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard