DoubleTwist går no i lag med Androidtelefonar
man, nov 2, 2009
Nordmannen Jon Lech Johansen vart verdskjent med eit program som vart sluppe like før milleniumsskiftet. Programmet var det fyrste programmet som kunne knekke kopitryggjinga på alle DVD-ar. Nordmannen har etter det vore del i mange prosjekt som har hjulpe forbrukarar å få tilgang til media på alle plattformar.
Det siste prosjektet Johansen er del av er DoubleTwist. DoubleTwist er eit program som let brukarar synkronisere og leggje til musikk, bilete og film på enhetane deira. I ei nyleg oppdatering vart det lagd inn full støtte for Androidenhetar òg, slik at alle der ute med ein Androidtelefon som ynskjer ei løysing liknande iTunes, kan få det no.
DoubleTwist har i tillegg sosiale funksjonar som deling av innhald med vener som ein kan leggje til i programvaren, Det heile kan gjerast via ein Twitterliknande straum. Programmet synkroniserer seg òg med Amazon MP3, noko som gjer at amerikanske brukarar kan bruke det som eit fullverdig alternativ til iTunes.
Programmet er likevel flott for oss her på berget òg. Me kan bruke det til å enkelt overføre innhald frå datamaskinen til telefonen og vere sikra at innhaldet verker slik ein venter. Man får dermed ikkje opp rare feilmeldingar om format som ikkje er kompatible med Android.
Programmet er tilgjengeleg for både Windows og Mac, så majoriteten av dykk burde kunne bruke det.
[via Crave]
Ingen relaterte nyheter.
Tags: doubletwist, mac, sync, synkronisering, windows








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.