Er 2,1 på trappene?
fre, nov 6, 2009
Versjon 2,0 har ikkje ein gong komt seg på marknaden og det er allereie rykter om at det kjem til å kome ein ny versjon av Android innan nær framtid! Det er sjølvsagt berre rykter, men versjon 2,1 er iallefall under testing.
Den amerikanske nettstaden AndroidandMe kunne fortelje at 0,04% av deira vitjarar som brukte Android som operativsystem brukte versjon 2,1, ein versjon som ein til no ikkje har høyrt snakk om. Spørsmåla som kom opp var sjølvsagt kva som kjem i den neste versjonen.
Det AndroidandMe òg kunne fortelje at det mest sannsynleg dreier seg om ei mindre oppdatering, på same måten som versjon 1,1 oppdaterte 1,0 med små endringar, i starten av Androidsyklusen. Kva feil som vert fiksa ser det enno ikkje nok svar på, men det ser ut til at svaret kan kome snart. Det ryktes at oppdateringa skal vere ute før jul.
[via Phandroid]
Ingen relaterte nyheter.
Tags: 2.1








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.