Firefox Mobile kjem i desember –http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/; for Maemo
ons, nov 18, 2009
Det er mange som venter på at Firefox Mobile skal kome til mobiltelefonar, og sjølv om det såg mørkt ut i starten, har det vorte stadfesta at FxMo kjem til Android òg. Når veit ein diverre ikkje.
FxMo er under betatesting på både Windows Mobile og Nokia sitt Maemo-operativsystem, men Androidbrukarar har enno ikkje sett noko til den mobile ildreven.
Mozilla har no sagt at versjonen for Maemo kjem til å vere ferdig i desember og kjem til å verte sluppen i den same månaden, utan at dei i det heile nemner noko om versjonen til Android eller noko sleppdato. Det heile kan verte eit interessant kappløp mellom FxMo og Opera mobile 10 som òg skal kome til Android. Kven kan levere ein sofistikert nettlesare fyrst på Android?
Firefox Mobile prøver å dra med seg det beste frå storebroren som awsomebaren som vart introdusert i Firefox 3,0, innstikk, faner og meir. FxMo har òg full støtte for nye vevteknologiar, slik at utviklarar kan lage avanserte vevapplikasjonar, utan å uroe seg for om mobile enhetar støttar dei.
Ein liten introduksjon av Firefox Mobile frå Mozilla:
[via AndroidandMe.com]
Relaterte nyheter:
Tags: firefox mobile, mozilla








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.