Milestone –http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/; Droid for Europa
ons, nov 4, 2009
Dei aller fleste som følgjer med i Androidverda har sikla sin del over Motorola Droid. Telefonen har vorte eit glorifisert bilete av kva ein Androidtelefon bure vore då Android vart lansert for litt over eit år sidan. Både maskinvare og operativsystem har modna og no kjem den fyrste vaksne Androidtelefonen på marknaden.
Det var ein skuffelse for mange europearar at telefonen kjem med CDMA, det amerikanske mobilnettet, og ikkje GSM som me bruker i Europa. Motorola lanserte på måndag ein ny telefon som kjem til å kome på den Europeiske marknaden: Motorola Milestone.
Milestone er meir eller mindre ein direkte kopi av Droid, utanom at telefonen bruker GSM. Telefonen kjem òg “http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/;berre”http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/; med 8GB internminne mot Droid sine 16GB. Elles er telefonane like: skjermstorleik, kamera, blitz, prosessor og anna maksinvare.
Motorola kjem òg til å putte på nokre ekstra program som dei har utvikla for Android. Det er då snakk om ein eigen GPS-applikasjone (dermed ingen Google Maps Navigation) og to andre applikasjonar som heiter Easy Search og Lane Guidance.
Telefonen kjem fyrst på det tyske og italienske marknaden, kor fleire land skal få telefonen seinare. Det vert ikkje utdjup noko meir, så ein veit ikkje mobilen kjem til Noreg. Det vert derimot ikkje vanskeleg å importere han om han ikkje gjer sin intrè her på berget.
Relaterte nyheter:








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.