Photoshop for Android
tir, nov 10, 2009
Ein månad tilbake fekk iPhonebrukarar Adobe sin populære bilderedigerar Photoshop sluppe i App Store. No har Adobe sluppe Photoshop for Android òg, men diverre ikkje i Noreg.
Sjølv om applikasjonen er gratis for både Android og iPhone får ikkje den norske marknaden på Android Photoshop. Applikasjonen er sjølvsagt ein lettvektar av skrivebordsprogrammet og fungerer som ei forlenging av gratisalternativet photoshop.com.
Funksjonaliteten er skjæring av biletet, fargejustering, kontrastustering og moglegheit for å dele bileta eller laste dei opp til Photoshop.com, om du har konto der. Då kan du i så tilfelle halde fram å redigere biletet vidare når du får tilgang til ein datamaskin med internettilgang.
Ein får håpe at Adobe avgjer å sleppe applikasjonen til fleire land på eit seinare tidspunkt.
[via Phandroid &http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/; Photoshop.com/android]
Relaterte nyheter:









This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.