Sony Ericsson freister med video
man, nov 2, 2009
Det er utvilsomt mange som er svultne på den neste telefonen til Sony Ericson som kjem til å vere den fyrste som kjører Android. Telefonen har til no gått under mange namn –http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/; X3/X10/Infinity -, men det ser ut til at me endeleg skal få spørsmåla våre svara.

På freistesida til Sony Ericsson fortel dei at dei ser fram til 3. november og at det burde du òg. Det er liten tvil om at det er mange i Androidverda som òg venter i spenning. Dei har lenka til ein Youtubevideo som dei lagt ut, kor dei viser litt av telefonen. Videoen kan de sjå under.
Det har òg lekka nok ein video av Rachael, som er grensesnittet som visstnok skal kome på telefonen. Rachael fungere på mange måtar slik som HTC Sense gjer, det gjer eit nytt grensesnitt å agere med. I den nye videoen viser dei fram eit utruleg lekker grensesnitt for blaing i mulitmediainnhald.
Me har tidlegare skrive om Sony Ericsson sin Androidtelefon. Det var då rykta at han skulle kome i fyrste kvartal av 2010, men no vert det rykta at han heller kjem 3. november. Eg ser ikkje dette som like sannsynleg. Eg trur dei kjem til å annonsere han i morgon og sleppe han seinare.
Den fyrste videoen av grensesnittet kan de sjå under. Det er forøvrig det same som er i den fyrste artikkelen om Rachael og Sony Ericsson X3/X10/Infity.
Relaterte nyheter:







This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.