Sony Ericsson X10 offisiell
tir, nov 3, 2009
Som me skreiv i går ville Sony Ericsson halde ei pressemelding i dag kor dei ville annonsere deira fyrste Androidtelefon. Telefonen har til no gått under mange namn, X3/X10/Infinity, men har no vorte offisielt stadfesta som Sony Ericsson X10.
Telefonen kjem til å ha ein 4-tommars skjerm med ei 854×http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/;480-oppløysning. X10 kjem med eit 8,1 megapisklars kamera, Wifi, 3G, AGPS, Microsoft Exchange ActiveSync, 1GB internminne og eit 8GB minnekort som følgjer med telefonen.
Det var òg rykta at telefonen skulle ha ein OLED-skjerm, noko som ikkje vart nemnt i det heile under annonseringa av telefonen. Det som var rykta og vart stadfesta var at telefonen kjem til å kjøre på Qualcomm sin Snapdragonprosessor med ein klokkesnøggleik på heile 1 GHz.
Det som er litt skuffande er at telefonen antakeleg kjem til å kjøre Android 1,6 og ikkje 2,0, som var rykta. Men Sony Ericsson kjem til å leggje eit eige grensesnitt over det som er standard. Grensesnittet har ein tidlegare sett video av og Sony Ericsson har veld å kalle det UX (User eXperience).
Promovideo for X10:
Telefonen kjem til å kome i to fargar “http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/;Sensuous Blac”http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/; og “Lustre White”. Vekta vert 135 gram og måla til telefonen er 199×http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/http://nordroid.no.nyud.net/2009/11/;63x13mm.
Relaterte nyheter:
Tags: rachael, sony ericsson, ux, x10, xperia








This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.