A A
RSS

Stikkordarkiv | "donut"

Rørsler –http://nordroid.no.nyud.net/tag/; ein nedvurdert funksjon i Donut

I desse dagar er versjon 1,6 av Android, òg kalla Donut, den store nyhenden. Overalt på veven kan ein lese om at folk no byrjer å få han servert via oppdateringstenesten på mobilane deira. Nettsider skriv òg dei nye funksjonane som kjem i den nye versjon, som støtte for fleire skjermstorleikar og den nye søkeboksen. [...]

Ny informasjon om HTC Tattoo

På den britiske sida til HTC har det no komt ny informasjon om HTC sin billigtelefon –http://nordroid.no.nyud.net/tag/; HTC Tattoo. Tattoo er rekna for å vere den fyrste Android-telefonen for massane, sidan han er den fyrste Android-telefonen som ikkje har ein pris som ligg blant smarttelefonane, men i mellomklassen.

Tidlig tilgang til den nye marknaden

Er du ein av dei som er ivrig etter å sjå den nye Android-marknaden og ikkje er redd for å installere uoffisielle ROM-ar på telefonen din? Då har du sjansen til å få tidlig tilgang til det nye marknadsdesignet.

Brukarar kan velgje kvar QSB skal søke

I den nye 1.6-versjonen av Android, kalla Donut, kjem det ein ny søkeboks kalla Quick Search Box. Namnet er meir eller mindre sjølvskildrane: det er ein søkeboks som lèt deg raskt søke. I dette tilfellet er det å snøgt å søke både på mobilen i tillegg til veven og ulike applikasjonar som ein har installert.

Android 1.6 rett rundt hjørnet

Omlag eit år etter sleppet av Android, kjem versjon 1.6 av operativsystemet. I løpet av det året som har gått har Android utvikla seg mykje og versjon 1.6 kjem til å bringe mange nye funksjonar til Android som kjem til å verte godt motteke av brukarane –http://nordroid.no.nyud.net/tag/; spesielt sidan oppdateringa har mykje fokus på optimalisering.

Oppussa versjon av Market kjem

Den siste tida har det vore ein del rykte om ein ny versjon av Android Market. Den nye versjonen skal vere ei solid overhaling av heile utsjånaden i tillegg til at det vert lagt til nye funksjonar for utviklarar.

Twitter

Følg oss på Twitter
Ad Ad Ad Ad

Kategorier

Arkiv

Powered by Free CDN

Performance Optimization WordPress Plugins by W3 EDGE
View in: Mobile | Standard