Dersom du går rundt med ein helt i lomma, kan du no gjere ein liten gladdans. HTC sjølv har stadfesta at Hero kjem til å få ei oppdatering som putter Android 2,0 under HTC Sense, i staden for Android 1,5. Dermed gjer HTC eit sprang og hopper rett forbi versjon 1,6.
I uttalinga frå HTC skriv [...]
Android er som sikkert dei fleste veit eit operativsystem som er byggja på Linux som har open kjeldekode. Kjeldekoden er sjølve programkoden som får ting til å skje i operativsystemet. Windows sin kjeldekode er til dømes lukka, slik at ingen utanom dei Microsoft har gjeve løyve til kan sjå koden.Kjeldekoden til HTC Hero har til [...]
Er det ein diskusjon om telefonar og det vert nemnt lepper er det nesten sikkert at det er snakk om ein av Android-telefonane til HTC. Den karakteristiske leppa gjorde sin entrè på HTC Dream og kjend som T-Mobile G1, som var den fyrste Android-telefonen som vart sluppen. I følge HTC skal leppa gjere at ein [...]
AndroLib.com, som er ei side som let deg sjå applikasjonane på Market i nettlesaren din, kunne for ikkje lenge sidan kunngjere at Android Market på mange måtar har nådd sin fyrste milepæl. Det er no posta over 10.000 applikasjonar på Market.
HTC lova eit par veker tilbake at dei ville leggje ut ei oppdatering som vil auke ytelsen på HTC Hero. Oppdateringa vil dermed fjerne den einaste nedsida til den kritikarroste mobilen.
lørdag, oktober 31, 2009
0 Kommentarer