Det ser ut som Odroid-teamet har ein trang til å promotere seg sjølv for tida. I den siste tida har det kome fleire videoar av konsollen i aksjon og han vart nyleg lagd ut til førehandsbestilling til utviklarar, slik at dei kan gjere seg kjende med maskinvaren.
Denne gongen viser Odroid fram sine eigenskapar når det [...]
Nordroid har fleire gongar tidligare skrive om den fyrste dedikerte spelkonsollen som skal kjøre Android som operativsystem. Det har dukka opp videoar som både viser utgangen som spyr ut HD-oppløysning og korleis konsollen taklar musikk.
No har det koreanske selskapet bak konsollen lagt ut høve til å førehandsbestille konsollen. Det er snakk om ein utviklarversjon, slik [...]
For ei stund tilbake skreiv me her på Nordroid om Odroid, den fyrste Android-enheten som er ein dedikert spelkonsoll. I den artikkelen viste utviklarane fram HDMI-utgangen som kan vise HD-innhald på fjernsyn. Dei viste òg ein SNES-emulator som lot dei spele gamle Super Nintendo-klassikarar på konsollen.
No har det vorte offentleggjort ein ny video av Odroid [...]
Sjølv om Android fyrst kom på mobiltelefonar, har Google planar om at Android skal adopterast til mange andre plattformar i framtida. Det viser seg at framtida kanskje ikkje er så langt borte som ein skulle tru. Selskapet HardKernel håper i allefall å sleppe ein spelkonsoll med Android.
fredag, oktober 2, 2009
0 Kommentarer